einsretting og mangfald

25.08.2019 kl. 17:17

 

– Er det ikkje naturleg at dei unges perspektiv dominerer i diskusjonen om framtida, i og med at det er dei unge som skal leva der, i framtida?

– Jo, og det er heilt flott. Me skal lytta til dei unge. Dette handlar om vekting, om at det blir for mykje slagside i éin retning når eitt perspektiv heile tida har forrang. Me snakkar jo ellers så mykje om kor viktig det er med mangfald. Men på dette feltet er det einsrettinga som gjeld, ikkje mangfaldet.

 

 

Kor blei gamle Stavanger av?

Blant dei tinga Edel i romanen går rundt og irriterer seg over, er korleis kystbyen ho bur i - som alle skjønar er Stavanger - blir øydelagt; at ein ikkje tek vare på gamle bygningar, men riv ned og bygger nytt. Er det her den nybakte Ap-politikaren Renberg har fått sitt engasjement for å ta vare på dei gamle bygningane i Kannik frå? Stammar raseriet over korleis Stavanger har rive ned, bygd og utvikla byen frå mormor?

– Ja, det er nok mormors stemme som kling her. Men eg meiner altså at om du ikkje respekterer fortida og det som er bygd opp gjennom fleire hundreår, mister du deg sjølv. Stavanger har ikkje vore flink til å bevara og styrka identiteten sin, slik Trondheim og Bergen har gjort. Det er lite igjen av det Stavanger som var. Offeret i byens desperasjon etter å vera så moderne, er fortida.